19.10.2010

Draumetyding

Å ha livleg fantasi er ein god ting. Eller, den kan vere ein god ting, om ein til dømes skal skriva stil på skulen, eller ei stor øverrasking er under planlegging og ein treng ei lita kvit løgn eller to. Men om han vert litt i livlegaste laget, som i mitt tilfelle, kan det verte heller slitsamt. Særskild om natta. Natta er til for å kvila, lade batteriane, samle kreftar slik at ein kan vakne utkvilt og morgonfresk, klar for ein ny dag med nye utfordringar. Kvile for både kropp og sjel.

Men så er me menneskje altså utstyrt med ein hjerne sammensatt av hundrevis milliardar nervecellar. Heldigvis kan du godt seia, dette er jo noko av det som skil oss frå dyrane, og det må vel seiast å vera ein god ting. Eg meinar, eg er jo takksam for at eg slepp å dela bur med Julius, om han er aldri så søt og sjarmerande. Men no var det ikkje Julius dette skulle handle om, tilbake til menneskjehjernen. For det er nettop denne som styrar fantasien og draumane våre. I fylgje fagfolk er draumar eit resultat av dagens opplevingar, det er hjernen som bearbeidar inntrykk og opplevingar. Andre meinar at draumane er underbevisstheita vår som vil seia oss noko, at draumane kan tydast og gje meining. Det er her eg byrjar verte alvorleg bekymra.

Sidan eg er av dei som er utstyrt med øve gjennomsnittet livleg fantasi, er det ikkje måte på kva som dukkar opp i draumar om natta. Den siste veka til dømes, var eg i Bergen natt til fredag, der mi kjære mormor hadde gått til innkjøp av paljettlue med matchande sko og vest. Natt til laurdag var eg i Gurid og Jan Arilds bryllaup i Oslo, der dei hadde valgt å gjera heile seremonien i kyrkja til ein musikal med dans, sang og feiande flotte kostymar. Natt til sundag var eg på busstur i Åseral saman med Anne Elin, begge to i matchanda pastellfarga onepiece for anledninga. Natt til mandag song eg duett med Bjørn Eidsvåg på ein restaurant i Bergen, for deretter å ta turen til Iveland der eg hadde funnet meg ein kjærast som var ein liten tanke sinnsforvirra. Og natt til i dag, tysdag, var eg bornepassar for prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus medan Kronprinsparet åt frokost på utekafè ein eller annan stad i Setesdal. For å nemne noke...

Med andre ord er det ikkje alltid at eg kjenner meg så veldig utkvilt og opplada etter ei natt i horisontalen. Det følast meir som displayet mitt blinkar raudt og skrikar "Lågt batterinivå! Gjeng på reservestraum, kople til straumkjelde med det same, ellers kan viktig informasjon gå tapt!"

Desse nattlege opplevingane kan også resultera i ukritiske og meiningslause handlingar. Så om nokon av dykk mottek kryptiske SMSar eller mystiske telefonoppringningar på nattestid, så vil eg berre beklage på det sterkaste no med det same. Men eg kan jo berre tala for meg sjølve. Kva Håkon Magnus, Mette Marit og Bjørn Eidsvåg gjer med min telefon medan eg søv, det kan eg jo ikkje svara for...


2 hilsener:

Ellen sa...

Wow Siri, du har det tydeligvis gøy på natta! Jeg driver også å drømmer noe voldsomt for tia, problemet er bare at jeg ikke husker så mye.. Men siden vi er på samme plan: kan vi ikke ha en liten drømmedate en natt?

Siri Moi sa...

Jo, kan vi ikke det?? Møt meg gjerne på grensa mellom vanvidd og tvangsinnleggelse, der oppholder jeg meg en del :) Gøy å følge med på bloggen din forresten, ser ut som du har det både moro og travelt? Tenker på deg vettu, du er tøffere enn toget!

Legg inn en kommentar

 
;