04.10.2010

Vekas inspirasjon

I går var eg på kino og såg "Eat, pray, love". Og trass i den eine mannen som hadde vorte lurt med på kino av kåna si og ikkje klarte å halde etarholet lukka og kommentarane for seg sjølve, så var denne filmen veldig inspirerande!

Så no skal eg skilja meg frå den mannen eg ikkje har, seie opp den jobben eg heller ikkje har, og leggja ut på reise verda rundt. Ete italiensk mat, verte kjent med kloke, tannlause medisinmenn på Bali, bu i ein bungalow med eige meditasjonsrom i India, og verte eit visare, lykkelegare menneskje i balanse med meg sjølve.


0 hilsener:

Legg inn en kommentar

 
;