Her om dagen då eg kom heim frå ei hektisk kveldsvakt, låg det eit koseleg kort frå Bodil og venta på meg på stovebordet. Og i dag fekk eg ei pakke med kanonfine heimelaga gåver frå Olaug! Ikkje har eg åremålsdag, ikkje er det jol, og ikkje har eg gjort noke for å fortene desse herlige gåvene. Eg er rett og slett berre så heldig at eg kjenner slike fantastiske kvardagsenglar som sprer rundt seg med glede.
Heldige meg!
På toppen av det heile fann eg desse blomane i Jegersberg :)
0 hilsener:
Legg inn en kommentar